Ny nedetid på lønnstenestene til DFØ i forbindelse med bytte av driftsleverandør er 21. oktober kl. 16:00 – 24. oktober kl. 07:00.
Det er i kundenotat 39/2022 varsla nedetid frå morgonen 21. oktober kl. 07:00. For å oppretthalde stabilitet i driftskritiske løysingar, utset vi start av nedetid til etter arbeidsdagens slutt. Dette gjeld alle tenestene til DFØ, inkludert vårt turnussystem GAT, MinGat og GatGo. Ny nedetid er 21. oktober kl. 16:00 – 24. oktober kl. 07:00.
Timar i arbeidsflyt
På grunn av nedetid av produksjonsmiljøet må vi flytte jobben som sender timar og tillegg i arbeidsflyt. Timar og tillegg kjem til godkjenning hjå leiar den 20. oktober i staden for 23. oktober.