Finansdepartementet har det overordna administrative og budsjettmessige ansvaret for DFØ. Det faglege ansvaret er fordelt mellom Finansdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Her finn du organisasjonskartet vårt og informasjon om leiargruppa.
Organisasjonskart
Divisjonar og avdelingar
- Strategi- og fellestenestedivisjonen (Oslo)
- Rekneskapsdivisjonen (Trondheim)
- IT-divisjonen (Oslo)
- Lønnsdivisjonen (Stavanger)
- Divisjon for styring, organisering og leiing (Oslo)
- Divisjon for offentlege anskaffingar (Oslo)
- Kommunikasjonseininga (Oslo)
Ledelsen i DFØ
Hilde Singsaas
DFØs direktør
hilde.singsaas@dfo.no / 995 41 963
Gøril Aune
Divisjonsdirektør for rekneskapsdivisjonen
goril.aune@dfo.no / 982 95 730
Rekneskapsdivisjonen leverer rekneskapstenester til statlege verksemder, og handterer konkurransegjennomføring, innkjøp og budsjett.
Tore Blekastad
Divisjonsdirektør for IT-divisjonen
tore.blekastad@dfo.no / 480 03 922
IT-divisjonen har eit overordna ansvar for IT- og digitaliseringsagendaen i DFØ og arbeidet som skjer innanfor tverrgåande teknologiutvikling, IT-drift og sikkerheit, web, integrasjon og IAM, teknologistøtte og arkitektur.
Anne-Berit Herstad
Kommunikasjonsdirektør
Anne-Berit.Herstad@dfo.no / 970 81 522
Kommunikasjonseininga har det overordna ansvaret for kommunikasjon, innsiktsarbeid, tenestedesign og kanalstrategien.
Christian Storhaug Johnsen
Divisjonsdirektør for strategi- og fellestenestedivisjonen
ChristianStorhaug.Johnsen@dfo.no / 920 24 996
Strategi- og fellestenestedivisjonen legg til rette for styring og leiing av DFØ, og har ansvar for interne støttetenester.
Hilde Nakken
Divisjonsdirektør for divisjon for styring, organisering og leiing
hilde.nakken@dfo.no / 916 92 688
Divisjon for styring, organisering og leiing jobbar mellom anna med utvikling av leiing- og arbeidsgivarfunksjonen i staten, kompetanseutvikling, drift og utvikling av opplæringskontoret i staten, forvaltningsutvikling, organisering og innovasjon. Divisjonen forvaltar økonomiregelverket, konsernkontoordninga, utgreiingsinstruksen, statsrekneskapen og leverer kompetansetenester og rettleiing på alle desse områda.
Dag Strømsnes
Divisjonsdirektør for divisjon for offentlige anskaffingar
daghenry.stromsnes@dfo.no / 975 07 078
Divisjon for offentlige anskaffingar er eit strategisk organ som ser heilskapleg på anskaffingar i forvaltninga. Divisjonen systematiserer, analyserer og formidlar kunnskap, og er ein aktiv pådrivar for endring og fornying.
Bjørn Sæstad
Divisjonsdirektør i lønnsdivisjonen
bjorn.saestad@dfo.no / 924 18 311
Lønnsdivisjonen leverer lønnstenester til statlege verksemder, og handterer reiseoppgjer, refusjonar frå Nav og sjukefråværsoppfølging.