Malen for 2. delårsrapportering 2019 for verksemder som fører etter SRS og kontantprinsippet er tilgjengeleg i UBW.
Her finn du rapporten i UBW
Korleis åpne rapporten
Dobbeltklikk på rapporten som passar for di verksemd og legg inn riktig rapportperiode 201908. Sett rapportdato til 31.08.2019 (ved rapportering på tertial). Trykk deretter F12 for å køyre rapporten. Når rapporten er ferdig køyrd, kan du gå inn i ajourhold rapportbestilling og åpne den. Delårsrapporten vil da åpne seg i Excel og er klar til bruk. Merk at den består av fleire arkfanar.
Årsverk - korleis kan lønnskundane hente ut talet på årsverk?
Talet på årsverk skal verksemdene oppgi i note for lønn (note 2 i mal). Årsverka kan lønnskundane våre hente ut frå lønnssystemet. Gå inn i SAP (kjernesystem) og velg «transaksjonskode YHR_AARSVERK». Legg inn periode, og vel alternativ som også får med ansatte som har slutta i løpet av perioden. Er du i tvil, kan du sende ein e-post til lonn@dfo.no
Har du spørsmål til delårsrapportane eller vil melde feil i rapportane, ta kontakt på regnskap@dfo.no